Revidert nasjonalbudsjett:
Regjeringa føresler beredskapslager for koppevaksine
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 13.05.2019 | Sist oppdatert: 13.01.2020
Regjeringa færesler å setje av 12,8 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett for å skaffe eit nasjonalt beredskapslager av vaksine mot kopper.
– Dette er eit tiltak for å styrke vaksineberedskapen i landet, seier eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug. – Det er ingen grunn til å vere uroa for å bli smitta av kopper slik situasjonen er i dag, og det er ikkje naudsynt for folk å vaksinere seg no. Vi kjøper inn vaksine i beredskap for å vere føre-var. Det handlar om ta folk sin tryggleik på alvor.
Koppeviruset er eit smittsamt og dødeleg virus som gjev høg feber og utmatting, etterfulgt av eit karakteristisk utslett, særleg i ansikt, på armar og bein. Viruset ble erklært utrydda i 1980. Det er no berre to laboratorier i verda som lagrar og handterer koppevirus. Det er imidlertid stadig enklare å kunstig framstille virus på grunn av auka tilgong på genetisk informasjon, nye teknologiske moglegheiter og auka kompetanse i fagmiljøa. I 2017 laga ei gruppe kanadiske forskarar eit kunstig koppevirus (hestekoppar).
Ei arbeidsgruppe nedsett av Helse- og omsorgsdepartementet har anbefalt at Norge har lager av koppevaksine i beredskap. Dei viser til at biologiske midlar som koppevirus i verste fall kan bli brukt i onde hensikter. For å styrke vaksineberedskapen vil regjeringa skaffe ulike typar koppevaksine til bruk i ulike situasjonar og målgrupper.
– Vi fylgjer no opp arbeidsgruppa sine anbefalingar. Det er viktig å ha beredskap også mot moglege biologiske truslar. Eit beredskapslager mot koppevirus vil styrke Norge sin beredskap mot ein slik mogleg trussel, seier Listhaug.