Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker sjukehusa i Elverum, Hamar, Lillehammer og Gjøvik tysdag 18. februar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

I samband med arbeidet for ein ny sjukehusstruktur for Innlandet besøker helse- og omsorgsminister Bent Høie dei fire berørte sjukehusa for å få innspel frå leiing, tilsette og ordførarar.

Høie vil bruke éin time på kvar av dei fire sjukehusa kor leiinga, tillitsvalde og ordførarar frå det enkelte opptaksområdet vil presentere sine syn på ny sjukehusstruktur.

Program:

Kl. 09.30-10.30 Elverum sykehus. Adresse: Kirkevegen 31, 2409 Elverum
Kl. 11.25-12.25 Hamar sykehus. Adresse: Skolegata 32, 2318 Hamar
Kl. 13.45-14.45 Lillehammer sykehus. Adresse: Anders Sandvigs gate 17, 2609 Lillehammer
Kl. 15.35-16.35 Gjøvik sykehus. Adresse: Kyrre Grepps gate 11, 2819 Gjøvik

Møta er opne for pressa, og Høie vil gje intervju i etterkant av møta.