Koronasituasjonen: Pressekonferanse med helseministeren og arbeidsministeren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 24.06.2020
Pressekonferanse onsdag 24. juni kl. 1600 med helse- og omsorgsminister Bent Høie og arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.
Koronasituasjonen: Pressekonferanse med helseministeren og arbeidsministeren
Sjå sendinga her
Assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad og avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet Line Vold vil også vere til stades.
Pressekonferansen vert overført direkte på regjeringen.no.
Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18.
Oppmøtetid: Kl. 1545. Ta med gyldig pressekort og ID.
Presse som ikkje har høve til å møte opp kan sende inn spørsmål til info@hod.dep.no med teksten PK 2406 i emnefeltet.
Spørsmål må vere sendt oss seinast kl 1545. Avsendar må være registrert hjå eit mediehus eller vere på eit frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmål blir stilte under pressekonferansen.
Pressekontaktar
For helse- og omsorgsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Helene Hoddevik Mørk, 943 59 881.
For arbeids- og sosialministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Håvard Kleppa, 906 77 620.
Om sendinga
Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS). Du kan følgje den direkte på www.regjeringa.no. Der kan ein også laste ned videofila i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Ring DSS på 22248845 for å avtale eller send e-post til dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embedkode:<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/wb4ddwkl/wowza.js' type='text/javascript'></script>
Tiltak for å hindre spreiing
Departementa og Statsministerens kontor har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Det kan derfor ved stor pågang vere aktuelt å be presse følgje pressekonferansen digitalt.
Sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om smittevern.