Historisk arkiv

Koronasituasjonen: Pressekonferanse med helseministeren og kunnskapsministeren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Pressekonferanse onsdag 27. mai kl. 1600 med helse- og omsorgsminister Bent Høie og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Nett-tv Koronasituasjonen: Pressekonferanse med helseministeren og kunnskapsministeren

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Direktør i Helsedirektoratet Bjørn Guldvog, avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet Line Vold og direktør i Utdanningsdirektoratet Hege Nilssen vil også være til stades.

Pressekonferansen vert overført direkte på regjeringen.no.

Stad: Marmorsalen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18.

Oppmøtetid: Kl. 1545. Ta med gyldig pressekort og ID.

Presse som ikkje har høve til å møte opp kan sende inn spørsmål til info@hod.dep.no med teksten PK 2705 i emnefeltet.

Spørsmål må vere sendt oss seinast kl 1615. Avsendar må være registrert hjå eit mediehus eller vere på eit frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmål blir stilte under pressekonferansen.

Pressekontaktar

For helse- og omsorgsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Helene Hoddevik Mørk, 943 59 881.

For kunnskaps- og integreringsminister: Kommunikasjonsrådgjevar Cathrine Slaaen, 976 77 247.

Om sendinga

Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS). Du kan følgje den direkte på www.regjeringa.no. Der kan ein også laste ned videofila i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Ring DSS på 22248845 for å avtale eller send e-post til dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embedkode:

<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/wb4ddwkl/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Tiltak for å hindre spreiing

Departementa og Statsministerens kontor har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Det kan derfor ved stor pågang vere aktuelt å be presse følgje pressekonferansen digitalt.

Sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om smittevern.