Priv. til red:
Helse- og omsorgsministeren møter dei regionale helseføretaka
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Pressemelding | Dato: 21.10.2013
Tysdag 22.10. møter helse- og omsorgsminister Bent Høie styreleiarar og administrerande direktørar ved dei fire regionale helseføretaka.
Tysdag 22.10. møter helse- og omsorgsminister Bent Høie styreleiarar og administrerande direktørar ved dei fire regionale helseføretaka.
Formålet med møtet er å diskutere regjeringa sine politiske mål for sektoren og dei regionale helseføretaka si rolle fram til ein ny nasjonal helse- og sjukehusplan er iverksett. Det er første gong Høie møter leiinga ved føretaka etter at han vart statsråd.
Tid: Kl. 11-12.30
Stad: Helse- og omsorgsdepartementet, Teatergata 9, Oslo
Møtet er lukka for pressa, men det vil vere mogleg å ta bilete ved starten av møtet. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar etter møtet.