Forenklar behandling av sals- og skjenkeløyve
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Pressemelding | Nr: 27/2015 | Dato: 19.06.2015
Regjeringa foreslår at kommunane slepp å saksbehandle alle kommunale sals- og skjenkeløyve kvart fjerde år viss dei ikkje endrar skjenkepolitikken.
I dag er det slik at kommunane må fornye alle kommunale sals- og skjenkeløyve kvart fjerde år, uavhengig av om dei ønskjer å endre skjenkepolitikken.
– Dagens regelverk er tungvint og byråkratisk. Realiteten er at ein stor del av løyva vert fornya, men fornyingsprosessen inneber betydeleg bruk av ressursar for både kommunane og for næringa. Dette er ei klar forenkling og effektivisering av arbeidet med sals- og skjenkeløyve, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.
Det er om lag 4000 salsbevillingar og mellom 7200 og 7400 skjenkeløyve i landet. Dei kommunale utgiftene ved behandling av søknader om kommunale bevillingar ligg ein stad mellom 6000 og 10 000 kroner for ein søknad. Behandling av fornyingssøknader kan vere noko mindre ressurskrevjande enn nye søknader.
Regjeringa foreslår at hovudregelen er at løyve skal fornyast kvart fjerde år, men kommunane kan, etter ein gjennomgang av alkoholpolitikken, vedta at løyva held fram i inntil fire nye år utan ny saksbehandling.
Ordninga vert også gjort meir fleksibel ved at det vert opna for at kommunen kan avgjere at kun nokre typar løyve skal fornyast eller at kun vilkåra i gjeldande løyve skal endrast.