Høie mottok NOU frå akuttutvalet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Pressemelding | Nr: 53/2015 | Dato: 04.12.2015
Fredag mottok helse- og omsorgsminister Bent Høie NOU 2015:17 "Først og fremst" frå leiaren av akuttutvalet, Ann-Kristin Olsen. Utvalet sitt mandat har vore å beskrive eit heilskapleg system som skal vare på befolkninga sitt behov ved akutt sjukdom og skade.
– Akuttutvalet sin rapport er viktig for oss i arbeidet med å utvikle sjukehusstruktur og gi betre akuttmedisinsk behandling før pasientane kjem på sjukehus. Eg takkar Ann-Kristin Olsen og utvalet for jobben dei har gjort, og ser fram til å vurdere forslaga dei har lagt fram, seier Bent Høie.