Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Presenterer nasjonal strategi mot antibiotikaresistens

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsminister Bent Høie og landbruks- og matminister Sylvi Listhaug presenterer ny nasjonal strategi mot antibiotikaresistens 2015-2020.

Antibiotikaresistente bakteriar er eit aukande problem både i Norge og globalt. For at antibiotika framleis skal vere verksamt til behandling av sjukdommar i framtida er det behov for ein forsterka innsats mot antibiotikaresistens. Det er ein samanheng mellom human-, dyre- og fiskehelse og miljø når det gjeld utvikling av antibiotikaresistens og arbeidet krev difor ein felles innsats på tvers av desse sektorane. Den nye nasjonale strategien er utarbeidd i fellesskap av Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Statssekretær Lars Andreas Lunde i Klima- og miljødepartementet, statssekretær Amund Drønen Ringdal i Nærings- og fiskeridepartementet og overlege Dag Berild ved infeksjonsmedisinsk avdeling ved Oslo Universitetssykehus Ullevål, vil også vere til stades.

Stad: Laboratoriebygget på Oslo Universitetssykehus Ullevål, 3. etg (bygning 25, inngang mot nord), Kirkeveien 166

Tid: Tirsdag 23. juni, kl. 13.15-14.00

Statsrådane og statssekretærane er tilgjengelege for pressa