Helse- og omsorgsministeren mottok NOU frå Kvinnsland-utvalet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Pressemelding | Nr: 39/2016 | Dato: 01.12.2016
Torsdag mottok helse- og omsorgsminister Bent Høie NOU 2016: 25 Organisering og styring av spesialisthelsetjenesten – Hvordan bør statens eierskap innrettes framover? frå utvalsleiar Stener Kvinnsland.
Utvalet sitt mandat har vore å utreie alternative modellar for korleis staten kan organisere eigarskapet til sjukehusa. Utvalet har også vurdert inndelinga i helseregionar, samt eigarskapet til og forvaltning av bygg.
![Helse- og omsorgsminister Bent Høie mottok torsdag NOU om "Organisering og styring av spesialisthelsetjenesten – Hvordan bør statens eierskap innrettes framover?" frå utvalsleiar Stener Kvinnsland. Foto: Helse- og omsorgsdepartementet.](/contentassets/8470fcf31d8f4efeb78ca8764d7f5150/kvinnsland-hoie0101216.jpg?preset=article&v=-429300523)
– Spesialisthelsetenesta og sjukehusa er grunnleggande for vårt velferdssamfunn, og korleis dei er organisert og styrt er viktig for tilbodet pasientane får. Stener Kvinnsland har i dag levert meg utvalet sine anbefalingar. Eg vil takke Kvinnsland og utvalet hans for arbeidet dei har gjort. No skal NOU-en ut på brei høyring, og eg ser fram til å få synspunkta frå høyringsinstansane, seier Bent Høie.