Harmoniserer rettane til båtpassasjerar innan EØS
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 23.10.2015
Det blir føreslått endringar i sjølova for å innleme båtpassasjerrettsforordninga i norsk rett. Stortinget vert og invitert til å gi sitt samtykke til å godkjenne vedtak om innleming av båtpassasjerrettsforordninga i EØS-avtalen.
Føremålet er å harmonisere rettane til båtpassasjerar innan EØS, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp).
Båtpassasjerrettsforordninga inneheld blant anna regler om ikkje-diskriminerande tilgang til transport, rett til assistanse for personer med nedsett funksjonsevne og reglar om rett til assistanse, kompensasjon og informasjon i tilfelle forseinking og kansellering.