Fengsling i grunnlause asylsaker
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Justis- og beredskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 62 2015 | Dato: 03.07.2015
Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om at asylsøkjarar som får saka si handsama i hurtigprosedyren for grunnlause søknader, skal kunne bli fengsla under prosedyren.
– Lovendringen vil styrke styresmaktenes muligheter til å ha kontroll med personer som leverer presumptivt grunnløse asylsøknader, sier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (FrP).
Utlendingsdirektoratet har ein hurtigprosedyre, kjent som 48-timarprosedyren, for asylsøknader levert av personar frå land som reknast som trygge. Lovforslaget som no er lagt fram, inneber at politiet vil kunne vurdere å pågripe og eventuelt fengsle personar som får saka si handsama i denne prosedyren.
– Dette er viktig for å sikre gjennomføring av prosedyren og legge til rette for rask retur. Tiltaket vil gjøre det vanskeligere å misbruke asylinstituttet, ikke minst for det mindretallet som har intensjoner om kriminell virksomhet, sier Anundsen.
Slik fengsling kan vare i maksimalt 72 timar før uttransportering, og føreset at det i kvar einskild sak vert vurdert som eit forholdsmessig og naudsynt tiltak. I saker som syner seg ikkje å vere grunnlause, og som difor vert tekne ut av hurtigprosedyren, vil det ikkje vere grunnlag for fengsling.
Departementet foreslår mellom anna også ei endring i utlendingslova § 106 a, som gjev retningslinjer for å vurdere fengsling på det grunnlag at utlendingen vil unndra seg retur. Etter lovforslaget vil det at ein utlending har fått ein asylsøknad avslått som openbert grunnlaus, vere eit moment som taler for at det ligg føre unndragingsfare og dermed grunnlag for fengsling. Departementet foreslår også visse prosessuelle endringar for å leggje til rette for ei effektiv handsaming av dei aktuelle hurtigprosedyresakene.
Forslaget om i innføre ein heimel for fengsling i 48-timarsaker er eitt av gjennomføringspunkta til avtalen om asylfeltet mellom regjeringspartia, Venstre og Kristeleg Folkeparti.