Lovforslag om fengsling i hurtigprosedyresaker
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Justis- og beredskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 29 – 2016 | Dato: 05.04.2016
Justis- og beredskapsdepartementet har lagt fram eit lovforslag som inneber at asylsøkjarar som får saka si handsama i hurtigprosedyren for grunnlause søknader, skal kunne bli fengsla under prosedyren.
– Lovendringa vil styrke styremaktene sine moglegheiter for å ha kontroll med personar som leverer grunnlause asylsøknader, seier innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (FrP). Slik kontroll er viktig for å sikre gjennomføringa av prosedyren og leggje til rette for rask retur.
– Tiltaket vil gjere det vanskelegare å misbruke asylinstituttet, og kan føre til at det vert levert færre grunnlause søknader i Noreg, seier Listhaug.
Utlendingsdirektoratet har ein hurtigprosedyre, kjent som 48-timarprosedyren, for asylsøknader levert av personar frå land som reknast som trygge. Lovforslaget inneber at politiet vil kunne vurdere å pågripe og eventuelt fengsle personar som får saka si handsama i denne prosedyren. Slik fengsling kan vare i maksimalt 72 timar, og føreset at det i kvar sak vert vurdert som eit forholdsmessig og naudsynt tiltak. Det vil ikkje vere høve til å fengsle mindreårige eller barnefamiliar.
Departementet foreslår også ein heimel for at asylsøkjarar i 48-timarprosedyre kan få pålegg om meldeplikt og bestemt opphaldsstad, til dømes eit pålegg om å bu på eit bestemt asylmottak. Slike pålegg kan også nyttast overfor barnefamiliar.
Vidare foreslår departementet ei endring i utlendingslova § 106 a, som gjev føringar for vurderinga av om det er fare for at utlendingen vil unndra seg retur. Unndragingsfare er eit sjølvstendig grunnlag for fengsling. Etter lovforslaget vil det at ein utlending har fått ein asylsøknad avslått som openbert grunnlaus, vere eit moment som taler for at det ligg føre unndragingsfare og dermed grunnlag for fengsling.
Forslaget om fengsling i 48-timarsaker er eitt av punkta til avtalen om asylfeltet mellom regjeringspartia, Venstre og Kristeleg Folkeparti.