Presseinvitasjon: Regjeringa si melding om samfunnssikkerhet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 135 – 2016 | Dato: 08.12.2016
Regjeringa legg fredag fram si melding om samfunnssikkerhet, «Risiko i et trygt samfunn». Meldinga er eit viktig bidrag i regjeringa sitt arbeid med å gjere Noreg enda tryggare.
Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (FrP) presenterer meldinga.
Tid: Fredag 9. desember kl. 12.30
Stad: Justis- og beredskapsdepartementet, Gullhaug torg 4, Nydalen
Meldinga tek for seg sentrale område av norsk samfunnssikkerhet: digital sårbarheit og IKT-sikkerhet, alvorlege naturhendingar, alvorleg kriminalitet og smittsame sjukdomar og farlege stoff.
Pressa blir bedd om å gi melding om deltaking til kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, 40 23 24 54, andreas.bondevik@jd.dep.no.