Endringar i reglar om meldeplikt og bestemt opphaldsstad
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 71 – 2018 | Dato: 27.09.2018
Utlendingar som er utviste av omsyn til grunnleggjande nasjonale interesser, men verna mot utsending, skal nå som hovudregel bli pålagd bestemt opphaldsstad, og eventuelt meldeplikt.
Justis- og beredskapsdepartementet har vedteke endringar i reglane om å kunne pålegge meldeplikt og bestemt opphaldsstad i sikkerheitssaker.
– Politiet skal nå som hovedregel pålegge bestemt oppholdssted og meldeplikt i saker hvor enkeltpersoner utgjør en trussel mot grunnleggende nasjonale interesser. Det er viktig at vi har kontroll på hvor disse menneskene befinner seg, seier justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (FrP).
Ved pålegg om bestemt opphaldsstad må plassering vurderast konkret, og det er presisert i det nye forskriftsvedtaket at plassering utanfor dei større byane og omland skal vurderast.
Det er eit særleg behov for kontroll i utlendingssaker som angår grunnleggjande nasjonale interesser. Det kjem stadig slike utlendingssaker, og det er fleire som har fått utvisingsvedtak på dette grunnlaget dei siste åra. Det er derfor eit behov for å sikre aktiv bruk av dei verkemidla som ligg i regelverket.
Alle avgjerder om bruk av tvangsmiddel i enkeltsaker på utlendingsområdet må treffast av politiet, og den som får slikt pålegg kan bringe spørsmålet inn til domstolsprøving.