Ny ekspedisjonssjef i Sivilavdelinga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 72 – 2018 | Dato: 28.09.2018
I statsråd i dag blei avdelingsdirektør Fredrik Bøckman Finstad utnemnd til ekspedisjonssjef i Justis- og beredskapsdepartementet si Sivilavdeling.
Finstad (født 1968) har vore departementskonstituert i same stilling sidan 1. februar i år. Før det var han avdelingsdirektør i Lovavdelinga i departementet (2012–2018).
I åra 2009–2011 jobba Finstad som advokat i Advokatfirmaet Thommessen. Før det igjen, var han justisråd i EU-delegasjonen i Brussel i to år.
Finstad er utdanna cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1996. Han har òg ein Master of Law frå University of Cambridge året etter.