Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Overlevering av Domstolkommisjonen sin første delrapport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Tysdag 1. oktober overleverer Domstolkommisjonen sin første delrapport om domstolane sin struktur til justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr (Frp).

NOU 2019: 17 Domstolstruktur gjer tilrådingar om kor mange domstolar Noreg bør ha og kvar dei bør liggje.

Regjeringa nedsette kommisjonen 11. august 2017. Dei fekk i mandat å vurdere korleis domstolane bør vere organisert for å svare på samfunnet sine forventingar om effektivitet og rettstryggleik.

Domstolkommisjonen – mandat og medlemar

Første delrapport peikar på overordna haldepunkt for ei berekraftig organisering og foreslår ein konkret struktur for tingrettane, lagmannsrettane og jordskifterettane. Andre delrapport skal blant anna sjå på uavhengigheten, digitaliseringa og oppgåvene til domstolane.

Sorenskrivar Yngve Svendsen har leia arbeidet med rapporten.

Tid: Tysdag 1. oktober 2019 kl. 12 (kl. 11.45 for registrering)
Stad: Gullhaug torg 4 A, Nydalen

Nett-TV
Overleveringa sendast direkte på nett-TV.
Sjå sendinga her

Pressekontakt
Kommunikasjonsrådgjevar Linda Hafstad, 470 38 968.