Statsbudsjettet 2021:
Det største permanente bemanningsløftet for politiet i moderne tid
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 197 – 2020 | Dato: 07.10.2020
Regjeringa foreslår å løyve fleire hundre millionar kroner til den største satsinga i moderne tid på nye varige politistillingar. Regjeringa vil auke politibudsjettet med over 500 millionar kroner. Med det kan dei 400 mellombelse stillingane som blei opprette i vår, omgjerast til faste stillingar. I tillegg foreslår regjeringa 40 millionar kroner til personell som skal styrke EUs grensekontrollorgan, Frontex.
- Heilt sidan regjeringa overtok i 2013 har vi vore opptekne av å styrke norsk politi og beredskapen i Noreg. Med rekordmange politifolk og vekst i alle politidistrikt går mykje rett veg. Regjeringa foreslår no å styrke politibudsjettet med 478 millionar kroner, slik at politiet framleis kan ha dei 400 stillingane frå i vår. Dette gjer at vi i 2021 går forbi målet om 2 politifolk per 1000, og har den sterkaste politibemanninga i moderne tid, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.
Dette er ein varig auke, som skal overførast til dei geografiske driftseiningane i politidistrikta når det ekstraordinære bemanningsbehovet som oppstod i samband med virusutbrotet er borte.
– Vi treng eit politi som er rusta til å kunne hindre alvorleg kriminalitet som vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Når kriminaliteten endrar seg må også politiet endre seg, og politimeldinga viser at politiet står betre rusta no enn tidlegare. Med denne løyvinga vil vi styrke den delen av politiet som står nærast folket - rundt omkring i landet vårt, seier Mæland.
I tillegg foreslår regjeringa ei statsing på 40 millionar kroner til personell som skal styrke Frontex.
– Med regjeringas budsjettforslag har vi sørga for eit driftsbudsjett som reelt er 4 milliardar høgre enn då vi overtok, og vi har i tillegg sørga for investeringar på om lag 5 milliardar kroner i same periode. Det gjer politiet betre rusta no enn tidlegare. Politiet nærmar seg 3 200 fleire årsverk enn då vi tiltrådde. Med ein så stor auke i permanente politistillingar styrkar regjeringa grunnberedskapen i heile landet. Den operative innsatsevna i politidistrikta blir betre, og gir politidistrikta høve til å utføre meir og betre tenester på staden, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.
I tillegg legg regjeringa opp til at politidistrikta kan få betre beredskapsevne ved å trene meir ved politiets nasjonale beredskapssenter, og foreslår 26 millionar kroner til dette.
Regjeringa foreslår også auka kapasitet hos påtalemakta, med 39 millionar kroner til påtalejuristar i politiet og 20 millionar kroner til Den høyere påtalemyndighet. 42,2 millionar kroner er foreslått til mellombelse stillingar hos namsmannen for å kunne handtere fleire utleggsforretningar.