Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Ny direktør i DSB

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Regjeringa utnemner fredag ny direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland møter den nye direktøren i Parkveien 45 kl. 12.00.

Journalistar er velkomne. Meld frå til pressekontakt Andreas Bondevik på andreas.bondevik@jd.dep.no eller 402 32 454.

Den nye direktøren tek over etter Cecilie Daae, som no er administrerande direktør i Helse Nord RHF. DSB skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet, vere pådrivar i arbeidet med å førebygge ulykker, kriser og andre uønskte hendingar, og sørge for god beredskap og effektiv handtering av ulykker og kriser.