Ny rapport fra følgjegruppa for barnehagelærarutdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 01.10.2015
Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning (BLU) har levert sin andre rapport til Kunnskapsdepartementet.
– Den nye rapporten gir nyttige og konkrete innspel i det vidare arbeidet med lage ein enda betre barnehagelærarutdanning, seier statssekretær Birgitte Jordahl.
Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning vart oppnevnt av Kunnskapsdepartementet i juni 2013. Den skal fram til juni 2017 følgje innføringa av den nye barnehagelærarutdanninga og bidra til å sikre at reformen blir gjennomført etter Kunnskapsdepartementets intensjoner og i tråd med gjeldande styringsdokument.
Den nye rapporten heiter Barnehagelærarutdanninga: Meir samanheng, betre heilskap, klarare profesjonsretting?Arbeidet med rapporten har denne gongen hatt eit særlege blikk på:
- nokre område i tilknyting til iverksetjinga av det andre og tredje studieåret
- arbeidet med praksisopplæringa
- kunnskapsområdet kunst, kultur og kreativitet
- pedagogikk i barnehagelærarutdanninga
- forskingsbasert barnehagelærarutdanning