Presenterer opptaket til høgare utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 18.07.2016
Tysdag 19. juli presenterer kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen opptaket til høgre utdanning saman med Samordna opptak og Høgskolen i Oslo og Akershus.
I år er det fleire søkjarar til høgare utdanning enn nokon gong tidlegare. Tala frå Samordna opptak viser at over 130 000 har søkt høgare utdanning i år. Tysdag 19. juli presenterer Samordna opptak tala som viser opptaket og fordelinga av studieplassar ved dei ulike utdanningane for studieåret 2016/2017.
Pressa er velkommen til ein felles presentasjon av dei nasjonale tala for opptaket.
Tid: Tysdag 19. juli 2016 kl.11:00 - 11:30.
Stad: Høgskolen i Oslo og Akershus, Pilestredet 46
Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgivar Anne Sofie Holter, e-post: ash@kd.dep.no, mobil: 984 96 058.