Sanner får rapport frå ekspertgruppe om barnehagelærarrolla
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 04.12.2018
Onsdag 5. desember overrekker ekspertgruppa om barnehagelærarrolla tilrådingane sine til kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
Sanner får rapport frå ekspertgruppe om barnehagelærarrolla
Sjå sendinga her
I 2017 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe for å skaffe eit kunnskapsgrunnlag som gir innsikt i og forståing av barnehagelærarrolla. Gruppa blei bedd om å tydeleggjere barnehagelærarolla, og gi råd om korleis profesjonen kan utvikle seg vidare.
Ekspertgruppa, som har vore leia av professor Kjetil Børhaug ved Universitetet i Bergen, fekk også i oppdrag å gi innspel til vidare utvikling av barnehagelærarutdanninga, vidareutdanning og kompetanseutvikling for barnehagelærarane.
Les meir om utvalet og mandatet her.
Tid: 05.12.2018 Kl.09.00-13.00
Sted: Kunnskapsdepartmentet , Kirkegata 18, Plenumssalen 1. etasje
Program:
Pressedel
09:00-09:05: Velkomen ved KD
09:05-09:20: Presentasjon av rapporten ved professor Kjetil Børhaug
09:20-09:30: Statsråd Jan Tore Sanner
09:30-09:40: Kommentarar til rapporten
- Robert Ullmann, leiar av barnehagestiftelsen Kanvas
- Steffen Handal, leiar av Utdanningsforbundet
09:40-10:00: Tid til separate intervjuar
Pause
Seminardel
10:30-10:50: Utdjupande presentasjon ved Kjetil Børhaug
10:50-11:20: Kommentarar til rapporten
- Birgitte Fjørtoft, pedagogisk leiar
- Marit Alvestad, professor, Universitetet i Stavanger
- Steffen Handal, leiar av Utdanningsforbundet
11:20-12:25: Spørsmål/kommentarar/diskusjon
12:25-12:30: Avslutning ved KD
Kontakt:
Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Simen Rommetveit Halvorsen på e-post: srh@kd.dep.no eller på telefon: 98639498.