Forskings- og høgare utdanningsminister besøker Stavanger
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 19.11.2018
Statsråd Iselin Nybø er i Stavanger tysdag 20. november for å blant anna høyre kva slags erfaringar Universitetet i Stavanger har med ei ny ordning med å tilby praksis i sosiologi og statsvitskap.
Bakgrunnen er at statsråden har varsla ei ny stortingsmelding om samarbeidet mellom høgare utdanning og arbeidslivet, med vekt på praksis. Ho vil at fleire studentar skal få kjennskap til arbeidslivet tidleg, og heve kvaliteten på praksisen. Iselin Nybø vil høyre korleis Universitetet i Stavanger har jobba for å få til det nye tilbodet om praksis dei tilbyr studentar i statsvitskap og sosiologi. Ho vil også møte sosiologistudentar som har vore og skal ha praksis hos Ungt Entreprenørskap.
Forskings- og utdanningsminister Iselin Nybø vil også møte NHO Rogaland for å høyre korleis vi kan få til eit betre samarbeid mellom høgare utdanning og næringslivet.
Nybø vil også snakke med Universitetet i Stavanger om korleis vi kan rekruttere fleire studentar til grunnskolelærarutdanninga, og få fleire studentar på utveksling utanlands.
Program:
09.00 Statsråden møter NHO Rogaland.
10.00 Statsråden møter sosiolog-studentar som har hatt eller skal ha praksis i Ungt Entreprenørskap
12.00 Statsråden har samtaler med Universitetet i Stavanger om lærarutdanninga
13.40 Statsråden får innspel frå studentar, og samtaler med Universitetet i Stavanger, om korleis vi kan få fleire til å dra på utveksling utanlands
Det vil vere høve til å intervjue statsråden hos Ungt Entreprenørskap.
Stad: Ungt Entreprenørskap, Kvitsøygata 30, 4014 Stavanger