Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til Jessheim og Gjøvik på kompetanseturné

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner besøker COOP logistikklager på Jessheim og held innspelsmøte på Gjøvik med partane i arbeidslivet. Med det går startskotet for den varsla kompetansereforma til regjeringa, "Lære hele livet".

Statsråden legg torsdag 23. august ut på kompetanseturné for å lytte og samle innspel om korleis vi kan sikre at fleire står i jobb lengre. Han besøker først COOP logistikklager på Jessheim for å sjå korleis ei bedrift har gjort reisa frå tradisjonell lagerdrift til moderne prosessindustri – ved å blant anna gi eit kompetanseløft til dei tilsette.

Deretter reiser han til Fagskolen Innlandet på Gjøvik for innspelsmøte. Seinare i haust dreg han til Mo i Rana, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Bergen og Trondheim i same ærend.

 

Program:

Torsdag 23. august

 

08.15 - 09.30                 

Jan Tore Sanner besøker COOP logistikklager og får ei omvising i dei moderne lokala. Sanner får møte både tilsette og leiinga. Adresse: COOP logistikklager, Vilbergvegen 130, 2067 Jessheim.

 

11.00 – 14.40

Statsråden arrangerer innspelsmøte med blant anna bedrifter som trenger eit digitaliseringsløft. Statsråden talar og deltek i rundbordsdiskusjonar. Innleiingar frå blant anna Steinar Holden, Jon Kristiansen og Liv Sannes. Adresse: Fagskolen Innlandet, Teknologiveien 12, 2815 Gjøvik.