Presenterer langtidsplanen for forsking og høgare utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 05.10.2018
Måndag 8. oktober presenterer statsråd Iselin Nybø den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.
Langtidsplanen fastset dei overordna måla og prioriteringane for korleis regjeringa skal styrkje forsking og høgare utdanning. I den reviderte versjonen kjem det nye satsingar og friske pengar.
Stad: Universitetet i Oslo, Helga Engs hus (auditorium 3), Sem Sælands vei 7.
Tidspunkt: klokka 13.00
Prorektor Gro Bjørnerud Mo ønskjer velkommen før statsråden presenterer langtidsplanen.
Presentasjonen vil også sendast direkte her.
Statsråd Nybø presenterer langtidsplanen for forskning og høyere utdanning
Sjå sendinga her