Historisk arkiv

Integreringspanelet til regjeringa møtast for siste gong

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Tysdag 11. juni vil kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner ha avslutning for integreringspanelet. Dei 13 deltakarane i panelet har bidratt med verdifulle innspel og idear i arbeidet med å lage ein ny integreringsstrategi.

Å gjennomføre eit integreringsløft er eit av hovudprosjekta til regjeringa, og i haust blei den nye integreringstrategien lansert. Målet er at innvandrarar i større grad skal delta i arbeids- og samfunnsliv.

Integreringspanelet består av personar i ulik alder, og blei etablert i fjor sommar. Det har hatt i alt fem møte med statsråden sidan den gong.

Program:

Kl. 14.00 – 16.00

Jan Tore Sanner takkar panelet for arbeidet dei har gjort. Aon Raza Naqvi les høgt frå boka Third Culture Kids. Det blir deretter mingling og kake for dei frammøtte.
Adresse: Regjeringas representasjonsbolig, Parkveien 45, 0256 Oslo.

 

 

 

 

Pressa er velkomen. Journalistar som vil kome må kontakte kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ragnhild Skaara Imset slik at dei blir registrert: rask@kd.dep.no, mob. 93435930.

Hugs legitimasjon!