Kunnskaps- og integreringsministeren til Grimstad og Lillesand
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 14.08.2019
Torsdag 15.august kjem kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til Aust- Agder. Han deltek på skolestart for førsteklassingar på Tingsaker skole.
Sanner besøker deretter Eide barnehage i Homborsund og Hokus pokus barnehage i Grimstad. Sanner ønskjer å sjå gode eksempel på arbeid med tidleg innsats og ha dialog om korleis barnehagar og skolar arbeider for å fange opp barn og elevar som strevar.
Tidleg innsats er eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. I dag får mange barn hjelp for seint, og for mykje av hjelpa desse elevane får blir gitt av ukvalifiserte. Regjeringa arbeider no med ei stortingsmelding om tidleg innsats.
Tidspunkt: Torsdag 15.august kl.08.50-12.30
Pressa er velkomen og det blir høve til å intervjue politikarane.
Journalistar som ønskjer å delta kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ajfer Husejin på telefon 959 36 485 eller pr. e-post på Ajfer.Husejin@kd.dep.no
Program for dagen:
08:50-09.50 Besøk på Tingsaker skole. Adresse: Tingsakermoen, 4790 Lillesand.
08.50 |
Statsråden blir tatt imot av rektor Roy Slettene og to nye førsteklassingar med foreldre. |
08.55 |
Oppstilling i skolegarden |
09.00 (presis) – 09.20 |
· Velkomst med song fråfadderklassen · Helsing frå rektor · Helsing frå statsråden (3 min.) · Rektor, klasselærarar og statsråd helsar på elevar |
09.20 |
Foreldra går saman med elevar til klasserom. Statsråden følgjer 1 A |
09.30 |
Foreldremøte i klassen med lærarane og elevane. |
10.30-11.15 Besøk Eide barnehage. Adresse: Jorvardeveien 40, 4888 Homborsund.
Klokkeslett |
Aktivitet |
Kl. 10.30 |
Statsråden blir tatt imot av styrar og barn |
Kl. 10.35 – 11.10 |
Besøk i barnehagen sine tre avdelingar; statsråden får bl.a. sjå korleis barnehagen arbeider med rammeplanen i praksis.
|
Kl. 11.10 – 11.00 |
Dialog og samtale om korleis barnehagen arbeider med tidleg innsats og med rammeplanen i praksis. |
Kl. 11.00 |
Avreise til Hokus Pokus barnehage, Grimstad |
11.30-12.30 Besøk Hokus Pokus barnehage. Adresse: Jon Lilletuns vei 8, 4879 Grimstad.
Klokkeslett |
Aktivitet |
Kl. 11.30 |
Statsråden blir tatt imot av styrar og barn |
Kl. 11.35 – 12.10 |
Omvising i barnehagen. Statsråden møter barn og tilsette og deltek i aktivitetar. |
Kl. 12.10 |
Dialogmøte om barnehagen sitt arbeid med tidleg innsats, og særleg arbeid med livsmeistring. |
Kl. 12.30 |
Avreise |