Historisk arkiv

Markussen-utvalet overleverer sin rapport om korleis ein kan leggje betre til rette for livslang læring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Tysdag 4. juni overleverer Markussen-utvalets leiar, Simen Markussen, si innstilling til dei to statsrådane i Kunnskapsdepartementet.

Markussen-utvalet er opptatte av fleksibilitet i utdanningssystemet og moglegheitene for å jobbe og utdanne seg samtidig. Dagens arbeidsliv krev at vi i større grad går inn og ut av utdanning og opplæring.

Regjeringa ynskjer å tryggje arbeidsplassar og legge til rette for innovasjon. Utdanningssystemet må difor være tilpassa slik at det kan svare på dei framtidige kompetansebehova.

Utvalet kjem med ei rekke forslag til tiltak, og kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) vil kommentere rapporten. Det same vil forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V). Utvalets arbeid er eit viktig innspel i regjeringas arbeid med kompetansereforma Lære heile livet.

Tid:                      Tysdag 4. juni kl 1030-1130

Stad:                    Plenumssalen i Kunnskapsdepartementet

Det blir høve til å intervjue statstråd Sanner og statsråd Nybø, samt utvalsleiar Simen Markussen.

Nett-tv Markussen-utvalet overleverer sin rapport om korleis ein kan leggje betre til rette for livslang læring

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Kontakt:
Journalistar som ynskjer å vere til stades kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Kamilla Amundsen Willix på telefon 41649970 eller pr. e-post på kamilla-amundsen.willix@kd.dep.no