Pressekonferanse om opptaket til høgare utdanning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 18.07.2019
Tysdag 23. juli presenterer minister for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø opptaket til høgare utdanning saman med Samordna opptak på OsloMet.
Samordna opptak
Sjå sendinga her
Pressa er velkommen til ein presentasjon av nasjonale tal for opptak og fordeling av studieplassar. Fleire utdanningsinstitusjonar vil kommentere tala, og det vil vera studentar frå aktuelle utdanningar til stades.
Tid: Tysdag 23. juli kl.11.00 – 12.30
Stad: OsloMet, Pilestredet 52, Oslo
Program
Kl.11.00 – 11.35
- Samordna opptak i Unit ved fungerande seksjonsleiar Geir Sverre Andersen presenterer tala
- Statsråd Iselin Nybø kommenterer tala
- OsloMet ved prorektor for utdanning, Nina Waaler, kommenterer sitt studentopptak
- Universitetet i Bergen ved rektor, Dag Rune Olsen, kommenterer sitt studentopptak
- Høgskolen i Østfold ved rektor, Lars-Petter Jelsness-Jørgensen, kommenterer sitt studentopptak
- Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet ved prorektor for utdanning og kvalitet, Wenche Jakobsen, kommenterer sitt studentopptak.
- Kort kommentar frå nye studentar
Kl.11.35 – 12.30
- Høve til å intervjue statsråden, rektorar/prorektorar og nye studentar
Kontaktperson: Tuva Gaarder Nordlie, epost tgn@kd.dep.no, mobil 93668715.