Historisk arkiv

Statsråd Sanner tek imot NOU frå opplæringslovutvalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Opplæringslovutvalet blei oppnemnd 22. september 2017. Utvalet har hatt som mandat å gjere ein heilheitleg gjennomgang og vurdering av regelverket for grunnopplæringa.

Kunnskapsdepartementet har no gleda av å invitere til overlevering av opplæringslovutvalet si utgreiing. 

Leiar for utvalet, Jon Christian Fløysvik Nordrum, vil presentere hovudtrekka i forslaga frå utvalet. Statsråd Jan Tore Sanner tek imot rapporten og held eit kort innlegg.

Tid: 13. desember kl. 9–11.

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, plenumssalen

Pressa er velkomen, og det blir høve til intervju med både utvalsleiar og statsråden.

Kontakt:

Journalistar som ønskjer å delta, kan melde seg til kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Kristine Dahl , mobil 97192751 eller e-post: kristine.dahl@kd.dep.no