Guri Melby (V) til Luhr skole i Lørenskog
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 27.05.2020
Torsdag 28. mai besøker kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby Luhr skole i Lørenskog. Her vil ho snakke om kva for tilbod elevane i heile landet skal få på skulen til hausten. Luhr skole har på ein kreativ måte klart å gje alle elevane eit godt tilbod, samstundes som dei har halde seg innanfor dei gjeldande smittevernreglane.
Melby vil snakke med elevar og lærarar om korleis tida med korona har vore og også korleis dei ser for seg skulestart til hausten.
Program torsdag 28.mai:
Tid: Klokka 09.15-10.15: Møte med elevar og lærarar.
Stad: Luhr skole, Skogblomstveien 1, 1470 Lørenskog
Kontakt:
Journalistar som ønsker å vere til stades kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Hanne Roald på telefon 98660737 eller pr. e-post på hanne.roald@kd.dep.no