Historisk arkiv

Grønt skifte på Kontaktkonferansen 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Kva rolle og ansvar har universiteta og høgskulane for å få fart på det grøne skiftet? Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, landbruks- og matminister Olaug Bollestad og klima- og miljøminister Ola Elvestuen drøftar klima-, miljø- og kunnskapspolitikk og det grøne skiftet. I tillegg deltek mellom andre Martin Rees frå OECD og representantar frå UH-sektoren i inn- og utland.

Nett-tv Kontaktkonferansen 2020

Se sendingen her

Se sendingen her

Dette er tiåret då klimastreikarane blir vaksne og inntar høgare utdanning. Studentane og dei tilsette trykkjer på for endring i sektoren. Difor nyttar Nybø konferansen til å sparke i gang ein konkurranse mellom alle universiteta og høgskulane i landet om kven som er grønast. Talet på flyreiser, innkjøp av varer og tenester, energibruk og avfall skal målast og dei skal konkurrere med seg sjølve og kvarandre.

Kontaktkonferansen for forsking og høgare utdanning er Nybø si årlege samling for alle rektorar, direktørar og andre sentrale personar ved norske universitet, høgskular og forskingsinstitutt.

 

  • Tid: Tysdag 14. januar 2020, kl. 9.30-16.20
  • Stad: Ingeniørenes hus, Kronprinsens gate 17, Oslo

Sjå program for detaljar.

Kontakt:
Dersom journalistar ønskjer å vere med på heile eller delar av konferansen, ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Johanne Severinsen, johanne.severinsen@kd.dep.no eller 91 11 48 68.