Historisk arkiv

Priv. til red.: Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) på besøk til Forskarfabrikken sin sommarskole i Sarpsborg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

For første gong skal INSPIRIA science center og Forskarfabrikken samarbeide om totalt 11 sommarskolar i tidlegare Østfold fylke. Sommarskolane skal arrangerast i Halden, Fredrikstad, Spydeberg, Askim, Moss, Rygge og på INSPIRIA i Sarpsborg. Her er målet å få barn til å bli glade i realfag.

Måndag 22.juni skal kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby vere med på opninga av sommarskolen på INSPIRIA science center i Sarpsborg.

Elevar frå 5 - 7 trinn vil saman med ministeren utføre eksperiment med heilt ekte forskarutstyr. Barna skal mellom anna lage ei nitrogensky som kan fyke 2-3 meter til værs.

Forskarfabrikken har fått støtte frå Sparebank 1- Stiftelsen Østfold og Akershus, Sparebank 1-Stiftelsen Halden og Borregård. Støtta gjer at det blir rimelegare for den einskilde, og at det i år blir dobbelt så mange sommarskolar samanlikna med fjoråret.

 

Program måndag 22.juni:

Tid: Klokken 09.30-10.30

Stad: INSPIRIA science center, Bjørnstadveien 16, 1712 Grålum

 

Kontakt: Journalistar som ønsker å vere til stades kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Hanne Roald på telefon 98660737 eller pr. e-post på hanne.roald@kd.dep.no