Regjeringa vil samle alle institusjonar som samarbeider med Kina
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
Nyhet | Dato: 03.03.2020
Alle institusjonar som er aktivt involverte i utdannings- eller forskingssamarbeid med Kina vil bli inviterte til å delta i eit "Rundebord for akademisk samarbeid med Kina".
- Dei siste åra har det vore eit stort oppsving i samarbeidet med Kina innanfor høgare utdanning og forsking. Eg er opptatt av at dette samarbeidet utviklar seg på ein god måte i åra framover, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
- Difor etablerer vi ein fast møteplass der styresmaktene og sektoren kan diskutere korleis vi best vidareutviklar kunnskapssamarbeidet vårt med Kina i eit langsiktig perspektiv.
Føremålet er å bidra til ei meir heilskapleg og strategisk tilnærming til kunnskapssamarbeidet mellom våre to land.
Regjeringas Panorama-strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med Kina, og fem andre prioriterte land utanfor EU og Nord-Amerika, er inne i sitt siste år.
Ein viktig diskusjon i tida framover vil mellom anna vere kva prioriteringar som skal ligge til grunn for vidare kunnskapssamarbeid med Kina, og om det er behov for meir systematisk koordinering av satsingsområda frå norsk side.
Regjeringa vil heve Kina-kompetanen
Med etableringa av «Rundebord for akademisk samarbeid med Kina» ønsker regjeringa å bidra til auka Kina-kompetanse i norske kunnskapsmiljø gjennom meir systematisk informasjons- og erfaringsdeling. Første møte vil etter planen bli gjennomført i april.
Invitasjon vil om kort tid gå breitt ut i sektoren. Den nye møteplassen vil vere på administrativt nivå, og ha ei koordinerande rolle for å samordne den norske innsatsen i samråd med fleire andre departement.
Aktuelle lenker:
Regjeringas Panorama-strategi (2016-2020)
Vegkart for forskings- og utdanningssamarbeid med Kina (2018-2020)
Om kunnskapssamarbeid med Kina
Noreg og Kina signerte i 2008 to avtalar på KDs område. Kunnskapsdepartementet (KD) koordinerer oppfølging av avtalane på norsk side, med Kinas Forskings- og teknologidepartement (MoST) og Utdanningsdepartement (MoE) som kinesisk partnar. Dialogen med styresmaktene om oppfølging av avtalene blei raskt reetablerte etter normaliseringa i 2016. Under dei to avtalene er det i 2017 (forsking) og 2018 (utdanning) signert eigne handlingsplanar som peikar mot gjensidig prioriterte tema og område for samarbeid. Begge handlingsplanane varer ut 2021.
Dei planane som er signerte under Noregs bilaterale avtalar med Kina innanfor området utdanning og forsking går ut til og med 2021.