Utvidar tilbod med tospråkleg opplæring i fag i skulen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 08.07.2020
– Det kan være utfordrande å kome til Noreg med eit anna morsmål enn norsk, og så skulle hoppe rett inn i den norske skulen, meiner Guri Melby.
Eitt av tilboda desse elevane kan få er opplæring i fag på morsmålet kombinert med den vanlege undervisninga. No har regjeringa sett av pengar til utviding av eit opplegg kalla Fleksibel opplæring – der slik opplæring kan skje digitalt.
– Tospråkleg opplæring i fag legg opp til at elevane kan veksle mellom morsmålet sitt og norsk, og bidrar til overføring av fagkunnskap og ferdigheiter frå morsmål. Der det ikkje er tilgang på lærarar med denne språkkompetansen er det viktig å kunne gi eit alternativt tilbod digitalt. Derfor gir regjeringa 3,6 millionar kroner for å utvikle dette tilbodet slik at det blant anna også kan gjelde faget begynnaropplæring i engelsk, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Fram til no har Fleksibel opplæring gitt tospråkleg opplæring i fag på nett i matematikk og naturfag, i språka arabisk, somali og tigrinja.
Ei som har nytta seg av dette tilbodet er Reem som har tigrinja som morsmål.
– Det var veldig bra. Det gjorde det lettare for meg å følge undervisninga. Dette er eit bra opplegg for nykomne i Noreg. Læraren var utruleg flink og lærde meg det eg trengde, fortel ho.
Vidareutviklar tilbodet
No skal tilbodet bli vidareutvikla slik at ein også kan gi begynnaropplæring i faget engelsk frå hausten 2021.
– Nykomne ungdommar har svært varierte kunnskapar i engelsk, og nokon har ikkje hatt engelskopplæring før. Evalueringar av utviklingsprosjektet viser at engelsk er eit fag som elevar, lærarar og skuleeigarar ynskjer i Fleksibel opplæring. Når ein no utvidar med begynnerengelsk med støtte på morsmål kan det hjelpe ungdommane til å klare seg i engelskfaget vidare i opplæringsløpet, seier Guri Melby.
Hovudmålgruppa er elevar som går i 8. og 9. trinn. I tillegg har prosjektet blitt utvida til også å inkludere elevar i innføringstilbod i vidaregåande opplæring, elevar i kombinasjonsklassar og deltakarar i grunnskole for vaksne. Frå hausten 2020 går Fleksibel opplæring frå å vere eit utviklingsprosjekt til å bli ei varig ordning.
For pengane som no er gitt skal det også bli utvikla eit kartleggingsverktøy for å sikre best mogleg tilpassa opplæring, og ein rettleiar for korleis ein kan gi tospråkleg opplæring i fag.