Nytt språkverktøy hjelper minoritetsspråklege elevar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 11.10.2021
Regjeringa har fått laga eit nytt språkverktøy som gjer det lettare å gi minoritetsspråklege elevar god opplæring i norsk. På berre fire månadar har to av tre kommunar teke verktøyet i bruk. No får enda fleire nytte av det.
Det digitale språkverktøyet er laga av Utdanningsdirektoratet på oppdrag for Kunnskapsdepartementet. Det hjelper læraren med å kartlegge kva språkopplæring eleven treng, og gjer det enklare å følgje språkutvikling over tid.
Brukt av 221 kommunar
Språkverktøyet blei lansert før sommaren. 221 av 356 kommunar og 10 av 11 fylkeskommunar har valt å bruke verktøyet. No blir det gjort meir tilgjengeleg gjennom ein demonstrasjonsversjon, slik at blant anna lærarutdanningane kan nytte det i undervisninga si. Ein demonstrasjonsversjon vil også vere nyttig for skoleeigarar, skolar og lærarar som vurderer å ta verktøyet i bruk.
– Språk er nøkkelen til god integrering og til å trivast og lykkast med skolen. Det er viktig at minoritetsspråklege elevar får norskopplæring på det nivået dei treng, og det så snart som mogleg. Det nye kartleggingsverktøyet vil bidra til dette. Vi ønsker at så mange som mogleg veit om verktøyet slik at dei som har behov for det, kan vurdere å ta det i bruk, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Gir betre informasjon ved skoleskifte
Når mange kommunar vel å bruke dette nye digitale språkverktøyet, blir det også enklare for skolane å dele informasjon om elevar som flyttar og byter skole.
– Dette vil vere til stor hjelp for dei elevane som bur i eit mottak og som skal busettast i ein ny kommune. I stadet for å måtte vente på ei ny språkkartlegging, kan dei kome raskare i gang med norskopplæringa på den nye skolen sin, seier Melby.
Ho vonar lærarutdanningane også vil sjå på verktøyet, fordi lærarstudentar kan få bruk for det når dei etter kvart skal undervise minoritetsspråklege elevar i skolen.
Fakta om språkverktøyet:
- Verktøyet heiter "Kartleggingsverktøy i grunnleggande norsk for språklege minoritetar" og støttar lærarar for å finne ut
- om elevar med norsk som andrespråk treng særskild språkopplæring
- kva norskopplæring eleven treng
- når eleven er klar for å gå over til ordinær opplæring
- Verktøyet har til no vore tilgjengeleg berre for brukarar med tilgang til verktøyet, det vil seie aktuelle lærarar med lese- eller skrivetilgang, og skoleleiar med lesetilgang, så framt skoleeigar har underteikna databehandlaravtale.
- Men frå veke 41 er ein demonstrasjonsversjon open for alle. For tilgang til demonstrasjonsverktøyet må du også logge deg inn via UIDP, men her er det ope tilgjengeleg for alle som gjer det.
- Les meir om kartleggingsverktøyet på Utdanningsdirektoratets nettsider.