Pressekonferanse med kunnskaps- og integreringsministeren 8. februar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 08.02.2021
Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby inviterer til pressekonferanse om vårens eksamenar i ungdomsskolen og vidaregåande opplæring, i dag klokka 11.00.
Pressekonferansen overførast direkte på regjeringa.no.
Stad: Plenumssalen, Kunnskapsdepartementet, Kirkegata18 (OBS: Dette er ikkje i marmorhallen, der regjeringas pressekonferansar er til vanleg).
Påmelding
Meld deg på pressekonferansen til kommunikasjonsrådgivar Martin Andersson, telefon 993 63 118, e-post maan@kd.dep.no
Oppmøtetid: Klokka 10:45. Ta med gyldig pressekort og ID.
Vi ber redaksjonane ikkje sende fleire personar enn nødvendig. Det vil òg vere høve til intervjuar i etterkant på telefon.
Presse som ikkje har anledning til å møte opp kan sende inn spørsmål til kdinfo@kd.dep.no.
Spørsmål må vere oss i hende seinast klokka 10:45. Avsenderadressa må være registrert hos eit mediehus eller det må oppgis frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmål blir stilte i pressekonferansen.
Pressekonferanse med kunnskaps- og integreringsministeren 8. februar
Sjå sendinga her
Om sendinga
Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS). Du kan følgje den direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastas ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette nås på telefon 22248845 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embedkode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/sfyx3h4b/wowza.js' type='text/javascript'></script>
Tiltak for å hindre smittespreiing
Departementa og SMK har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Det kan derfor ved stor pågang vere aktuelt å be presse følgje pressekonferansen digitalt.
Sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om smittevern.