Roar Olsen blir direktør i Kunnskapssektoren sitt tenesteleveranseorgan (Sikt)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 03.09.2021
Kongen i statsråd har i dag beskikka Roar Olsen som direktør i Kunnskapssektoren sitt tenesteleveranseorgan (Sikt). Sikt blir etablert 1. januar 2022.
Roar Olsen er 51 år og kjem frå stillinga som direktør i Unit. Før det har han mellom anna vore avdelingsdirektør i nasjonal e-forvaltning og infrastruktur ved Brønnøysundregistera, avdelingsdirektør i divisjon e-helse i Helsedirektoratet, divisjonsdirektør i Direktoratet for e-helse og administrerande direktør for Uninett AS.
Sikt er resultatet av samorganisering av Unit - Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning sine tenesteleveransar med Uninett AS og med hovuddelen av NSD – Norsk senter for forskingsdata. Andre delar av Unit og NSD blir ein del av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, som blei etablert 1. juli 2021. Sikt vil ha om lag 370 årsverk og ligge direkte under Kunnskapsdepartementet. Hovudkontoret skal vere i Trondheim, med kontorstader i Bergen og Oslo.