Samde om ein ny handlingsplan for Partnerskap mot mobbing
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 11.10.2021
Arbeidet med å førebygge, oppdage og stanse mobbing er dei vaksne sitt ansvar. Regjeringa og dei 14 organisasjonane i Partnerskap mot mobbing er derfor glade for at dei no har landa ein ny handlingsplan for samarbeidet dei har om dette viktige feltet.
Partnarskapet blei vidareført med ei ny avtale i mars. Gjennom avtalen forpliktar partnarane seg til å sette alle former for mobbing på dagsorden og bidra til å utvikle kompetanse og samarbeid for å motverke mobbing i lokalsamfunna.
Handlingsplanen utdjupar og konkretiserer mål, tiltak, organisering og arbeidsform i partnarskapet for perioden 2022-2025.
– Vi har ein viktig jobb å gjere med å sikre barn og unge ein god oppvekst utan mobbing. Partnarskapet vil fortsetje å bidra til innsats for trygge og gode oppvekstmiljø. Vi vil at enda fleire vaksne i barnehagar, skolar, og fritidstilbod får kompetanse til å førebygge, avdekke og stoppe mobbing. Barn og unge skal òg bli meir involverte dette i arbeidet, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Lokale og nasjonale tiltak
For å sette mobbing på dagsorden i lokalsamfunna, er partane samde om
å framleis ha faglege forum, og om å ha regionale samlingar. Det vil bidra til å etablere arenaer for deling av erfaring, meir samarbeid mellom lokale aktørar og kompetansebygging.
Partnarskapet vil òg halde fram med å delta i nasjonale og internasjonale nettverk og konferansar, som til dømes Arendalsuka og World Anti-Bullying Forum (WABF), og samarbeide med nasjonale og internasjonale aktørar og politikarer.
Partnarskapet består no av regjeringa, Sametinget, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG), Foreldrutvalet for barnehagar (FUB), Fagforbundet, KS, Skolenes landsforbund, Skolelederforbundet, Elevorganisasjonen, Norsk Lektorlag, Private barnehagers landsforbund, Friskolenes kontaktforum, Landsgruppen av helsesykepleiere NSF og Frivillighet Norge.
Les om avtalen for Partnerskap mot mobbing, som blei signert i mars.