Statsbudsjettet 2022:
Tilskot til pensjon i private barnehagar blir tilpassa dei faktiske utgiftene
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 12.10.2021
Etter fleire gjennomgangar av finansieringa av private barnehagar, er det kome fram at om lag 90 prosent av dei får meir i tilskot til pensjon enn barnehagane faktisk bruker på pensjon til dei tilsette. No foreslår regjeringa at tilskotet skal justerast meir i tråd med dei faktiske utgiftene.
Barnehagane får eit fast påslag på 13 prosent av lønnsutgiftene i dei kommunale barnehagane til pensjon. No foreslår regjeringa å setje det ned til 11 prosent, som er meir i tråd med utgiftene dei har.
– Mangfald i barnehagesektoren er bra, og vi treng eit tilskotssystem som tek vare på dette mangfaldet. Samstundes må tilskota reflektere dei reelle kostnadane ved å drive barnehagane, og ikkje bli gitt for å dekke utgifter barnehagane ikkje har, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.
I 2019 fekk barnehagane nesten ein milliard kroner meir enn dei faktisk brukte på pensjonar.
– Justeringa påverkar ikkje pensjonen til dei tilsette. Det skal sikre at tilskotet går til å dekke dei faktiske pensjonskostnadene i barnehagane, og ikkje andre utgifter eller til å auke overskotet, seier Melby.
Dei einskildståande barnehagane, som ikkje har eit konsern i ryggen, får noko betre tid på seg til å omstille seg. Dei vil framleis få påslaget på 13 prosent i 2022. Påslaget vert redusert til 12 prosent i 2023, og frå 2024 vil dei enkeltståande barnehagane ha det same påslaget som dei andre barnehagane, på 11 prosent.
Regjeringa foreslår vidare å utvide dagens søknadsordning for private barnehagar med høge pensjonsutgifter. Dette inneber at barnehagar som inngjekk pensjonsavtale før 1. januar 2019, etter søknad har krav på å få dekt pensjonsutgiftene sine med kommunens pensjonsutgifter som øvre grense.
Utval råda regjeringa til å justere pensjonstilskotet
Utbygginga av private barnehagar skaut for alvor fart med barnehagereforma i 2003, som sikra alle barn rett til barnehageplass. Frå i stor grad å bestå av små einskildståande barnehagar, er det i dag òg ei rekke større barnehagekjeder og -konsern. Fleire rapportar og utgreiingar har peika på at regelverket ikkje er godt nok tilpassa dagens situasjon.
Sist var det rapporten frå Storberget-utvalet som stadfesta at det er behov for endring no som barnehagesektoren stort sett er ferdig utbygd og består av eit større mangfald av barnehageaktørar.
Dessutan viste utgreiingar frå Velferdstenesteutvalet at barnehagesektoren har god lønnsemd, særleg sett i lys av at inntektene har vore føreseielege med små variasjonar over år.