Markering av NTNU-fusjon
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 1-16 | Dato: 03.01.2016
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til Gjøvik 4. januar. Han vil delta på markeringa av at Høgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Ålesund, Høgskolen i Gjøvik og Norges teknisk- naturvitenskapelige universitet er slått saman frå 01. januar 2016.
NTNU og høgskolene i Sør-Trøndelag, Gjøvik og Ålesund er nå Noregs største universitet. Det markerar dei med arrangement i dei tre byane.
Viserektor Jørn Wroldsen opner markeringa i Gjøvik kl 09.00. Deretter vil kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen halde tale om forventninger til NTNU i Gjøvik.
Samstundes vil statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet delta på markeringa ved Høgskolen i Ålesund.
Kl.10:00 blir det direktesending frå Trondheim, Gjøvik og Ålesund på nett-tv.