Styrker satsinga på yrkesfag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 47-15 | Dato: 07.10.2015
Noreg kjem til å mangle fagarbeidarar i framtida. Regjeringa føreslår å styrke satsinga på yrkesfag med 93 millionar. Det skal mellom anna gå til å auke tilskotet verksemder får for å ha lærlingar, og til fagleg påfyll til yrkesfaglærarar.
– Det er ikkje mykje vi kan seie sikkert om framtida, men vi veit at vi kjem til å mangle fagarbeidarar. Derfor fortset vi yrkesfagløftet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Regjeringa føreslår å auke lærlingtilskotet med 50 millionar kroner. Det er ein reell auke på om lag 2 500 kroner per lærling. Dette blir den fjerde auken sidan 2014.
Kvart år er det mellom 6 000 og 8 000 søkarar som ikkje får læreplass.
- Dette er arbeidskraft Noreg treng. Det at elevar ikkje får læreplass, er ei av dei viktigaste årsakene til at elevar ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Målet vårt er å skaffe fleire læreplassar, slik at fleire gjennomfører opplæringsløpet, seier Isaksen.
Satsar på yrkesfaglærarane
Regjeringa har også sett av 20 millionar kroner til eit yrkesfaglærarløft.
-Vi vil utdanne høgt kvalifiserte fagarbeidarar i verdsklasse. Derfor vil vi sikre at yrkesfaglærarar har gode moglegheiter til å få meir kunnskap, seier Røe Isaksen.
Regjeringa har innført ei stipendordning for lærarar som er tilsette i skolen, men som manglar lærarutdanning. No føreslår regjeringa å utvide ordninga slik at personar som ikkje allereie jobbar i skolen også kan søke om stipend. Målet er å rekruttere fleire inn i yrket. Regjeringa har også løyvt pengar til å utvikle nye og meir relevante tilbod om kompetanseutvikling for yrkesfaglærarar.
Enklare å godkjenne utdanning frå utlandet
Regjeringa føreslår å sette av 17 millionar kroner til å opprette eit godkjenningsorgan for utanlandsk utdanning. Det vil hjelpe fagarbeidarar med utdanning frå utlandet raskare ut i jobb.
Regjeringa føreslår dessutan å styrke tilskotet til lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov, med seks millionar kroner.
Behovsprøving av bustipend
I tillegg føreslår regjeringa å innføre behovsprøving av bustipend. Berre lærlingar med ei inntekt over 13 000 kroner i månaden vil bli omfatta av endringane. Alle elevar med ei inntekt mellom 13 000 kroner og omlag 19 500 kroner i månaden vil framleis få bustipend, men ikkje like mykje som før.
Opphavsretten til grafikkene tilhører Nyhetsgrafikk. Ønsker du å bruke noen av grafikkene ta kontakt med Kommunikasjonsenheten ved Ajfer Husejin