5 millionar kroner til samanslåinga av Universitetet i Bergen og Kunst- og designhøgskolen i Bergen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 63-16 | Dato: 17.06.2016
Kongen i statsråd har i dag bestemt at Universitetet i Bergen (UiB) og Kunst- og designhøgskolen (KhiB) i Bergen skal slåast saman frå 1. januar 2017.
I samband med det har Kunnskapsdepartementet bestemt å tildele 5 millionar kroner til arbeidet med samanslåinga i 2016. Både UiB og KhiB har anbefalt samanslåinga.
KhiB og Griegakademiet ved UiB blir eit nytt fakultet for kunst, design og musikk. Fakultetet inkluderer alle noverande fagfelt.
-UiB og KhiB har god kvalitet på ei rekkje område som kan utfylle kvarandre etter samanslåinga, og eg har høge forventningar til at ei samanslåing gjer fagmiljøa betre rusta til å møte utfordringar og muligheiter i årene som kjem. Dei 5 millionane skal være eit økonomisk bidrag til ein god fusjonsprosess, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
KhiB og UiB har komme til at hovudformålet til det nye fakultetet skal vere utdanning, kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking og formidling innan kunst, design og musikk. Gjennom dei ulike studieprogramma er målet å utdanne skapande kunstnarar, designarar og musikkutøvarar. Fakultetet vil også utdanne kandidatar innanfor nærliggande fagområde der kompetanse innan skapande kunst, design, og musikk inngår. Det gjeld blant anna musikkterapi, musikkvitskap, skapande kuratorpraksis og pedagogikk for kunstnarar, designarar og musikarar.