Historisk arkiv

Vil fornye Kunnskapsløftet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil fornye faga i skolen, slik at dei gir eit betre grunnlag for læringa og forståinga til elevane.

Nett-tv Vil fornye Kunnskapsløftet

Se sendingen her

Se sendingen her

Regjeringa vil fornye faga i skolen, slik at dei gir eit betre grunnlag for læringa og forståinga til elevane. Det kjem fram i stortingsmeldinga Fag - Fordjuping - Forståing. Ei fornying av Kunnskapsløftet.   


Fornyinga av faga i skolen skal gi rom for meir fordjuping, der elevane får gå meir inn i færre tema. I tillegg skal ein lage ein ny generell del i læreplanane, slik at han betre reflekterer skolen i dag, og dei utfordringane barn og unge har no. Stortingsmeldinga inneheld også ein strategi for korleis arbeidet med fornying av faga i skolen skal involvere sektoren breitt.

NOU 2014: 7: Elevenes læring i fremtidens skole og NOU 2015: 8 Fremtidens skole ligg bak fleire av tiltaka i meldinga.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil presentere dei viktigaste forslaga i meldinga på presseseminaret. Det vil også vere fagpersonar og organisasjonar frå skolesektoren til stades.

Journalistar som ønsker å komme, kan melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Åsmund Eide, mobil 400 36 841 eller e-post: asei@kd.dep.no


Når: Onsdag 13. april klokka 09.30 - 11.00.

Kor: Kunnskapsdepartmentet, Kirkegata 18, Oslo.

Det vil også vere mogleg å sjå presseseminaret på nettsidene til Kunnskapsdepartementet.