Ønsker raskare digitalisering i høgare utdanning og forsking
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 130 - 17 | Dato: 08.09.2017
Regjeringa legg fram ein strategi for digitalisering i høgare utdanning og forsking. – Teknologien må bli utnytta slik at studentane lærer meir, at studietilboda blir meir tilgjengelege, og at vi får enda betre og meir effektiv forsking. Denne strategien stakar ut kursen for arbeidet med digitalisering ved universiteta og høgskolane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Digitalisering er i ferd med å drastisk endre korleis vi arbeider, lever, kommuniserer og samhandlar med kvarandre. Dette har også mykje å seie for utdanning og forsking i universitets- og høgskolesektoren.
– Moglegheitene bruken av den nye teknologien skaper, får konsekvensar for alt frå infrastruktur og administrasjon, til læringsmiddel og forskingsdata, for å nemne noko. Dette dreier seg ikkje berre om ny teknologi, men også om korleis studentane lærer og blir vurderte, og korleis institusjonane organiserer og gjennomfører forskinga. Da er det viktig at sektoren heng med. Derfor legg vi fram denne strategien for digitalisering av høgare utdanning og forsking no, seier kunnskapsministeren.
Meir forsking på samanhengen mellom kvalitet og nye læringsprosessar
Eit av tiltaka vil vere å styrke forskinga på samanhengen mellom kvalitet og dei nye læringsprosessane som følgjer av digitaliseringa. God forsking og fagleg dokumentasjon av korleis teknologibruk kan betre læringa er heilt avgjerande for å utnytte moglegheitene den nye teknologien gir.
– Det handlar rett og slett om å dele kunnskap frå forsking og beste praksis, slik at studentar og tilsette ved dei ulike institusjonane ikkje treng å finne opp alt på nytt, men kan utnytte kunnskap og erfaring i heile sektoren nasjonalt og internasjonalt, seier Røe Isaksen.
Vurderer moglegheitene for å dele læringsressursar på tvers av utdanningsinstitusjonar
Strategien fører med seg at det skal kome felles løysingar der digitale læringsressursar blir samla og gjorde tilgjengelege. Slik vil fleire kunne dra nytte av dei.
– Ein av fordelane med at meir og meir blir digitalt, er at det er enklare å dele løysingar og ressursar og bruke dei på nytt. Vi ønsker å få greidd ut moglegheitene for å få ein felles tilgang til læringsressursar på tvers av utdanningsinstitusjonar, seier Røe Isaksen.
Meir fleksible opplegg for studiegjennomføring
Mange studentar forventar i dag ein meir fleksibel kvardag enn det utdanningsinstitusjonane kan tilby. Regjeringa ønsker at alle studentar har tilgang til eit moderne miljø for læring, som legg til rette for fleksible og effektive studieløp.
– Da er det nødvendig å få utvikla dei digitale plattformene i undervisninga slik at funksjonane blir lette å kjenne igjen på tvers av institusjonane, og at dei legg til rette for å ta fag ved fleire utdanningsinstitusjonar, utdjupar kunnskapsministeren.
Heve IKT-kompetansen
Å digitalisere på ein slik måte at forskinga og utdanninga får betre kvalitet, krev tilstrekkeleg IKT-kompetanse hos studentar, lærarar og forskarar.
Digitalisering slår inn på alle sektorar i samfunnet og regjeringa ønsker derfor at alle tilsette og studentar får den kompetansen dei treng for å utnytte moglegheitene som ligg i digitale løysingar.
Digitalisering for meir effektiv forsking
Dei moglegheitene som digitaliseringa skaper til å forske meir effektivt, har mykje å seie. Digitaliseringa legg til rette for både metode- og fagutvikling og løysingar som lettar samarbeidet med aktørar utanfor institusjonane nasjonalt og internasjonalt.
– Det er avgjerande at forskarar har gode nok digitale ferdigheiter til å gjere nytte av faglege og prosjektadministrative digitale verkty og ressursar som blir tilgjengelege. Forskarar må også kunne samarbeide digitalt med forskarar frå andre høgskolar og universitet, nasjonalt og internasjonalt, seier Røe Isaksen.
Regjeringa forventar at alle høgskolar og universitet løfter digitalisering til strategisk nivå, og definerer mål og forpliktande tiltak for digitaliseringa av eiga utdanning og forsking. Innanfor utdanning er det blant anna viktig å legge til rette for at alle studentar skal møte læringsformer som nyttar digitale moglegheiter til betre og meir effektiv læring.