Offentleggjer tilstandsrapporten for høgare utdanning 2017
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: Presseinvitasjon | Dato: 08.05.2017
Tysdag 9. mai offentleggjer kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2017.
Rapporten kjem kvart år og viser korleis utviklinga i norsk høgare utdanning er – både i statlege- og private universitet og høgskolar.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil trekke opp dei store linjene, og fortelje korleis det står til i høgare utdanning no samanlikna med tidlegare år. Representantar frå sektoren vil kommentere funna og peike på utfordringar.
Det vil vere høve for pressa å intervjue kunnskapsministeren i samband med offentleggjeringa av Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2017.
Kontakt: Kommunikasjonssjef i Kunnskapsdepartementet Anne Kristin Hjukse, tlf.: 99 21 46 19, epost: Anne-Kristin.hjukse@kd.dep.no eller kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Skaara Imset, tlf.: 93 43 59 30, e-post: rask@kd.dep.no.
Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo
Tid: Tysdag 9. mai klokka 09.30 – 11.00
Offentleggjeringa av rapporten blir strøymd på regjeringen.no/kd og på Facebook/Kunnskapsdepartementet.
Lansering av Tilstandsrapporten for høyere utdanning 2017
Sjå sendinga her