Pressekonferanse om demokratiundersøkinga ICCS 2016
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: Presseinvitasjon | Dato: 01.11.2017
Resultata frå den internasjonale demokratiundersøkinga ICCS 2016 for 9.-klassingar blir lagt fram på ein pressekonferanse i Oslo tysdag 7. november. Kunnskapsminister Henrik Asheim vil kommentere resultata etter at forskarane frå NOVA har lagt fram den norske rapporten.
Tid: Tysdag 7. novembar kl. 10.00-12.00
Stad: Fagerborg skole, Pilestredet 109, Oslo.
ICCS (International Civic and Citizenship Education Study) undersøkjer 14-åringar sin kunnskap om og engasjement i demokratiske og samfunnspolitiske spørsmål. Målet er å finne ut korleis denne aldersgruppa kjenner til, utøver og førebur seg til rolla som demokratiske medborgarar i dagens og framtidas samfunn. I alt deltar 24 land i ICCS 2016.
Etter pressekonferansen, blir det klasseromsbesøk til 9.-klassingar som har valfaget demokrati i praksis. Det blir høve til å intervjue både kunnskapsministeren, forskarane og elevar og tilsette ved Fagerborg skole.
Pressekonferanse om demokratiundersøkinga ICCS 2016
Sjå sendinga her
Program
Kl. 1000-1010: Rektor Elin Brandsæter ønskjer velkomen.
Utdanningsdirektoratet v/Sissel Skillingshaug fortel kort om bakgrunnen for undersøkinga og korleis den er gjort.
Kl. 1010-1030: Forskar Guro Ødegård legg fram hovedfunna frå undersøkinga.
Kl. 1030-1040: Kunnskapsministeren kommenterer funna.
Kl. 1040-1100: Separate intervjuer for pressa.
Kl. 1100-1130: Klasseromsbesøk til elevar på 9. trinn som har valfaget demokrati i praksis.
1130-1150: Medietid.
Kontaktperson for kunnskapsministeren: Kommunikasjonsrådgivar Ajfer Husejin, e-post ajf@kd.dep.no,telefon: 95936485
Kontaktperson for Utdanningsdirektoratet: Kommunikasjonsrådgivar Peter Tryggestad, epost pty@udir.no, telefon: 99236957