Betre utdanningskvalitet gjennom oppgradering av areal ved universitet og høgskolar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 18-180 | Dato: 08.10.2018
Regjeringa vil at areal ved høgskolar og universitet skal bli betre tilpassa endra behov i undervisning og forsking. Difor foreslår ho å auke løyvingane med 86 millionar til 161 millionar kroner i 2019.
– Universitet og høgskolar treng oppgradering og utvikling av areal slik at dei kan møte nye behov og sikre høg kvalitet i både utdanning og forsking. Areala må vere i god teknisk stand, kostnadseffektive og funksjonelle med tanke på meir studentretta aktivitet. Dei må også vere tilrettelagde for digitalisering, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).
Midlane skal gå til både institusjonar som forvaltar bygningsmassen sjølv og til universitet og høgskolar som leiger lokale av Statsbygg.
I den reviderte Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, som kjem samstundes som statsbudsjettet, legg regjeringa for første gong fram ein heilskapleg politikk for forvaltning, utvikling og prioritering av universitets- og høgskolebygg.
– Bygg er eit av fleire verkemiddel for å heve kvaliteten i utdanning og forsking, slår Nybø fast. Bygga i universitets- og høgskolesektoren kan først og fremst bidra til auka kvalitet ved at areala som finst i dag, blir tilpassa behova i framtida.
Planen gir retning for campusutviklinga ved universitet og høgskolar.
– Satsing på bygg er en viktig del av arbeidet med å auke kvaliteten på utdanninga, og regjeringa forventar at institusjonane utarbeider gode planar for å ha bygg som sikrar eit godt læringsmiljø og forsking av høg kvalitet.
I tillegg skal universiteta og høgskolane bidra til det grøne skiftet. Regjeringa ber difor lærestadene ta i bruk kostnadseffektive og berekraftige klima- og miljøløysingar ved utvikling og bruk av bygga.
Universitetsmusea har eit viktig ansvar for den nasjonale kulturarven vår. Universiteta skal framleis arbeide med å sikre og bevare dei unike historiske og kulturelle samlingane.
– Fleire universitetsmuseum ønskjer seg nye bygg. Det har eg stor forståing for, og vi vil vurdere dette i framtidige budsjett, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).