Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsministeren inviterer til nytt møte med integreringspanelet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Måndag 5. november vil kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner diskutere med integreringspanelet korleis ein kan få fleire innvandrarar i arbeid.

Integreringspanelet er ein rådgivande ressurs for ministeren og departementet i arbeidet med integreringsstrategien, og dette blir tredje gongen dei møtest.

Integreringspanelet består av 12 deltakarar. Dei har kompetanse på ulike område, og erfaringar med å vere innvandrar i Noreg. Panelet er oppnemnt av Kunnskapsdepartementet for perioden 2018-2019.

Stad:     Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18

Tid:       5.november kl. 13.00-15.00

Program:

  • Innleiing og presentasjon av integreringsstrategien  v/kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner
  • Innlegg frå  tre av deltakarane - innspel til korleis fleire innvandrarar kjem i arbeid
  • Open samtale
  • Avslutning v/ministeren

Deltakarane og ministeren vil vere tilgjengelege for pressa på slutten av møtet.

Meir om integreringspanelet

Kontaktpersonar:

Kommunikasjonsrådgivar i KD, Ajfer Husejin ajf@kd.dep.no eller tlf 95936485