Leverer første rapport om kompetansebehov
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: Presseinvitasjon | Dato: 30.01.2018
I mai 2017 sette regjeringa ned eit utval som skal finne ut meir om kva for kompetanse norsk arbeidsliv treng i framtida. På onsdag leverer Kompetansebehovsutvalet sin første rapport til Kunnskapsdepartementet. Rapporten har fått namnet Fremtidige kompetansebehov I.
Utvalsleiar Steinar Holden vil onsdag presentere forslaga frå utvalet, og kunnskaps-og integreringsministeren vil på vegne av regjeringa motta rapporten.
Pressa blir invitert til å vere tilstades under overleveringa.
Tid: Onsdag 31. januar kl. 12.00.
Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Plenumssalen 1.etg
Kontaktperson:
Kommunikasjonsrådgivar Ajfer Husejin, tlf. 95936485, e-post: ajf@kd.dep.no.
Program:
12.00 Velkommen v/kunnskaps-og integreringsminister Jan Tore Sanner
12.05 Utvalsleiar Steinar Holden presenterer rapporten
12.30 Statsråden tek i mot og takkar for rapporten
12.40 Høve for pressa til intervju med statsråden
12.50 Møte slutt