Historisk arkiv

Statsråd Iselin Nybø kjem til Bergen for lanseringa av NHOs kompetansebarometer og arrangement på NHH

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Tysdag 18. september besøker forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø bedrifta EVRY der NHO Vestlandet legg frem resultata av kompetanseundersøkinga si. Undersøkinga viser kva slags kompetanse bedriftene i regionen har behov for dei neste fem åra.Deretter dreg statsråden saman med statsminister Erna Solberg til Norges Handelshøyskole. Der vil Solberg og Nybø blant anna få ei orientering om den planlagde rehabiliteringa av signalbygget til NHH.

Program:

 

10.00 – 11.00                 

Tom Knudsen i NHO Vestlandet presenterer resultata frå NHOs kompetansebarometer 2018. IT-selskapet EVRY fortel om behova deira for høgare utdanna tilsette. Iselin Nybø får blant anna møte nokre av dei unge tilsette programmerarane i bedrifta.
Adresse: Folke Bernadottes vei 40, 5147 Fyllingsdalen.

 

12.00 – 12.45

Statsminister Erna Solberg og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø besøker Norges Handelshøyskole i Bergen. Solberg og Nybø får blant anna ei orientering om den planlagde rehabiliteringa av signalbygget til NHH. Adresse: Helleveien 30, Bergen.

 

Kontakt:
Dersom journalistar ønskjer å vere med på heile eller delar av besøket, ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Tuva Gaarder Nordlie e-post: tgn@kd.dep.no eller på telefon: 93 66 87 15